Foreningen seglkutteren Seladon

«Seladon» er ein 58 fot seglkutter bygd i Kvinnherad 1937.

Kontakt: 40403201 / geirmund.engevik@haugnett.no

I samband med Forbundet Kystens Landsstevne i Strusshavn, sommaren 2026.

Seladon utvendig

Slik har me det under dekk på Seladon

Me har forskipet til utleige. Der er til saman 12 køyar, fordelt på to lugarar. I tillegg eit rom med toalett med servant.

Køyane er utstyrte med madrass. Dei som vil bu her må derfor ta med eigne køyklær eller sovepose.

Forskipet på Seladon

Interiør på Seladon

Har du lyst å oppleva ekte skutemiljø, med dei fasilitetane og dei luktene som var i ei treskute i tidlegare tider, må du mønstra på Seladon.